Digital Etikett og miljø
Her på Digital Etikett gjer me det slik:
Når det gjeld miljøet, har me orden i trykksakene her på Digital Etikett.
Det gjeld å trø varsamt på jorda vår.
Og miljøvern i dag er meir enn at Oddrun tek med tomflaskene våre til panteautomaten på Pyramiden kvar fredag.
Så me gjer ein innsats i fabrikken vår. Me valde å byggja sjølve fabrikken i massivt tre, og desse 2400 kvadratmetrene med materiale bind karbon.
På taket har me solceller som produserer 200Kw, og inne har me ein sentralstøvsugar til alt restmaterialet frå maskinene.
No ser det også ut til at restmaterialet vårt kan bli ein eigen resirkuleringskategori om berre kort tid.
ESG-analysen me gjennomførte gav oss ein skår på 4,5, og det må me jo seia oss svært nøgde med.
Til dagleg kjeldesorterer me i ni ulike kategoriar og leverer alt til det kommunale mottaket kvar måndag. Så har me vorte miljøfyrtårn, og no jobbar me mot null karbonutslepp innan 2030.
FN-klimamåla me har i GRI-rapporteringa vår er:
• 13 – Stoppa klimaendringane
• 12 – Ansvarleg forbruk og produksjon
• 8 - Anstendig arbeid og økonomisk vekst
Me er ikkje i mål endå, men me jobbar for å komma oss dit kvar einaste dag. Sjølv om me ikkje kan gjera alt, kan me alltid gjera litt.