Digital Etikett og miljø

Digital Etikett og miljø

Her på Digital Etikett gjer me det slik:

Me jobbar kontinuerlig med forbetringar for eit meir bærekraftig miljø. Me har blant anna kjeldesortering og levering direkte til kommunal oppsamlingsplass SIMAS kvar veke. Så er me så heldige å ha to pensjonistar som kjem kvar veke og køyrer for oss.

Digital produksjon er miljøvennlig! Me brukar organiske farger og nesten ikkje forbruksmateriell. Så resirkulerar me fargepatronene i metallavfallet og brukar maskiner som ikkje slepp ut CO2.

Me er heldige her på fabrikken, som ikkje treng trykkplater av gummi og stål og fargar som blir til kjemiavfall.
Rester av lakken vår hentast også av SIMAS avfallhandtering og blir spesialavfall. Me sorterer plast og har eigen papp- og papirpresse. (bilder)

Dessverre går det meste av restavfallet frå etikettproduksjonen framleis til forbrenning og energiutnytting. Her er ønsket å sende det i retur til våre leverandører som jobbar med gjenbruk i form av møbel eller plank og terassebord. Me jobbar med dette, men har ikkje enda kome i full sving. Måtte det skje snarleg!

Ved å bruke digitalproduserte etiketter treng du ikkje å bestille inn store mengder for å få ned prisen på volum! Da me anbefaler deg å trykke «JIT» og «POD». Det står for Just In Time og Print On Demand. Tenk kva du slipp å kaste av utrangert design eller ubrukt emballasje! Om fleire hadde gjort dette kunne me redusert avfall til forbrenning og CO2 utslipp!

Vel digital løysning!

Digital Etikett held også hus i ein CO2-venleg fabrikk som er produsert i massivt tre og som bind CO2. Det er me stolte av!

Det er diverre framleis silikon innblanda bak materialet, så etiketten skal sleppe enkelt. Difor er det ingen gjenbruk av dette. Det blir restavfall til forbrenning.

Merk deg likevel at PP er lettare enn PE og PET. Slik at ved bruk på same produkt slepp PP etikettproduktet ved resirkulering og flyt opp mens PET/PE/HDPE går til botn. Greitt å hugse på ved etikettering av flasker og boksar ved resirkulering.

Digital Etikett er med i Grønt Punkt sitt program PLASTLØFTET! Me har satt interne mål om å bruke minst mulig plast og nytte resirkulert plast der me kan.

Bruk Digital Etikett og gå eit lite steg i rett retning!

Graf "Pant og avfallspyramiden i Norge"

Avfallspyramiden i Norge

Digital Eitikett, Instagram

Bilete frå Instagram