Lagerhall i tre med hengande trebåt over

    Berekraft er standarden vår

    Me trur at emballasje kan vere vakker og berekraftig på same tid. Det krev medvitne val – i materialar, energikjelder og sertifiseringsarbeid.

    Sertifiseringar og praksis

    Miljøfyrtårn

    Me er sertifiserte som Miljøfyrtårn-verksemd og arbeider kontinuerleg med å redusere miljøavtrykket.

    Solenergi

    Fabrikken produserer 200 000 kWh solenergi per år frå eige solcellepark på taket.

    FSC

    Alle papirbaserte materialar er FSC-sertifiserte – sporbart frå ansvarleg skogbruk.

    Mono-PE

    For posar og film tilbyr me mono-PE-laminat-strukturar som kan sorterast til resirkulering.

    Berekraftige materialar

    Me tilbyr eit aukande utval av miljøvennlege materialar: resirkulert papir, ubleika kraft, plantebaserte filmar og sertifiserte FSC-alternativ. Spør oss om kva som passar best til produktet ditt.

    Resirkulert papir

    60–100 g/m², eigna for etikettar til tørr emballasje og flasker. FSC-sertifisert.

    Ubleika kraft

    Naturleg brun overflate, 80–120 g/m², populær for mat- og delikatesseetikettar med rustikk estetikk.

    Mono-PE-laminat

    Einmaterialstruktur i polyetylen som kan sorterast til PE-resirkulering. Tilgjengeleg for posar (ståposar og flatposar) og film på rull.

    Plantebasert PLA-film

    Komposterbar innpakningsfilm basert på fornybare råvarer. Eigna for kortare haldbarheit og kjølevare.

    OPP med vassbasert lim

    Klar eller kvit OPP-etikett med vassbasert akryllim – lågare utslepp og enklare resirkulering av emballasjen.

    FSC-sertifisert papir

    Alt papir me nyttar kan leverast med FSC-sporbarheit. Sertifikat er tilgjengeleg på førespurnad.