Packaging and Packaging Waste Regulation (PPWR)

    Digital Etikett AS produserer trykte etikettar, fleksible posar og folie på rull til mat- og forbrukar-emballasje. Vi er regulert av forordning (EU) 2025/40 (Packaging and Packaging Waste Regulation, PPWR), som gjeld på EU-marknaden frå 12. august 2026.

    Framstillar-info

    Digital Etikett AS
    Org.nr 991 455 663
    Gaupnegrandane 44, 6868 Gaupne, Noreg
    info@digitaletikett.no
    +47 477 76 060

    Vår rolle etter PPWR

    For dei aller fleste produkt vi leverer, ber emballasjen kundens varemerke. Etter PPWR art. 3(1)(13)(a) er då kunden framstillar (manufacturer), og Digital Etikett er leverandør (supplier) etter art. 16. Som leverandør forsyner vi framstillaren med all naudsynt dokumentasjon for samsvarsvurdering mot PPWR art. 5–12.

    For små selskap etablert i Noreg (under 10 tilsette og under 2 millionar euro i omsetning eller balanse) der vi leverer emballasje med deira varemerke, er Digital Etikett framstillar etter art. 3(1)(13)(b). For desse, og for umerkt transport- og service-emballasje vi produserer, har vi framstillar-pliktene.

    For trykte etikettar som ligg på primær-emballasje frå tredjepart (boks, flaske, pose), er etiketten ein komponent. PPWR-hovudansvaret ligg hjå primær-emballasje-produsenten eller brand-eigaren — vi leverer komponent-dokumentasjon.

    Dokumentasjon

    Vi har komplett dokumentasjon på plass:

    • Signert master PFAS-erklæring etter PPWR art. 5(5) (25 ppb individuell, 250 ppb sum, 50 mg/kg total fluor).
    • Leverandør-statement frå alle våre material- og prosess-leverandørar (etikett-laminat, blekk, primer, lakk, folie).
    • Samsvarserklæringar (DoC) per konstruksjonsfamilie: BOPP / OPP-met / CPP fleirlagslaminat; mono-PP og mono-PE med EVOH eller AlOx barriere; PE-etikett-laminat på matemballasje; papir-etikett (FSC/PEFC).

    Be om dokumentasjonen ved å sende artikkelnummer eller ordrenummer til info@digitaletikett.no. Standard svartid er 10 dagar.

    PPWR QR-kode — last ned og bruk

    QR-koden under peikar til denne sida og inneheld vår framstillar-info etter PPWR art. 15(5). Du kan laste han ned og bruke han fritt på materialet ditt — til dømes på datablad, intern dokumentasjon, eller på emballasje der du vil peike til vår PPWR-posisjon.

    Slik bruker du QR-koden

    • Minste storleik på trykk er 8 × 8 mm. Under det blir han ofte uleseleg for telefon-kamera.
    • For trykk under 12 mm, bruk hi-res-versjonen for skarpaste kantar.
    • Hald minimum 2 mm kvit «quiet zone» rundt koden — han skal ikkje stå klem inntil tekst eller andre grafiske element.
    • Bakgrunnen skal vere lys, koden mørk. Inverter ikkje.
    • Plassering: vi tilrår nedre høgre hjørne. På små etikettar kan han stables med batch- eller parti-nummer.
    • Skann koden med kameraet i mobiltelefonen — han peikar til denne sida med vår framstillar-info og PPWR-dokumentasjon.

    URL i koden: https://digitaletikett.no/ppwr

    Tidsfristar vi følgjer

    • PFAS-grenser i mat-kontakt
      Art. 5 · 12. august 2026
    • Identifikasjon og kontakt-info
      Art. 15 · 12. august 2026
    • Komposterbar emballasje
      Art. 9 · 12. februar 2028
    • Sorteringsmerker
      Art. 12 · 12. august 2028
    • Ombruksmerker
      Art. 12 · 12. februar 2029
    • Design for recycling (samsvarsvurdering)
      Art. 6 · 1. januar 2030
    • Resirkulert innhald (PCR)
      Art. 7 · 1. januar 2030
    • Minimering
      Art. 10 · 1. januar 2030

    Ofte stilte spørsmål

    Kva er PPWR?+

    Packaging and Packaging Waste Regulation, forordning (EU) 2025/40. Eit EU-regelverk som erstattar det gamle Packaging and Packaging Waste Directive (PPWD) frå 1994. Det stramma opp krav til samansetning, gjenvinnbarheit, resirkulert innhald, minimering og merking av emballasje på EU-marknaden.

    Når gjeld PPWR i Noreg?+

    EU-fristen er 12. august 2026. Norsk innføring kjem noko seinare gjennom forskrift og lov haust-vinter 2026. For kundar som eksporterer mot EU gjeld EU-fristen uavhengig av norsk innføring.

    Er Digital Etikett framstillar eller leverandør under PPWR?+

    For dei aller fleste produkt er vi leverandør, og kunden (brand-eigaren) er framstillar. Sjå seksjonen «Vår rolle etter PPWR» over. For små selskap etablert i Noreg og for umerkt transport-/service-emballasje er vi framstillar.

    Korleis får eg PFAS-dokumentasjon for produktet mitt?+

    Ta kontakt på info@digitaletikett.no med artikkelnummer eller ordrenummer. Vi sender master-erklæring, relevante leverandør-statement og artikkelspesifikk DoC innan 10 dagar.

    Selskapet mitt har mindre enn 10 tilsette. Kva tyder det?+

    Det betyr at vi (Digital Etikett) blir framstillar etter PPWR art. 3(1)(13)(b) for emballasjen vi leverer med ditt varemerke, så lenge selskapet er etablert i Noreg og har under 2 millionar euro i omsetning eller balanse. Det inneber at vi tek samsvars-ansvaret. Du får same standardpakke som alle andre kundar.

    Eg sel produkt i ei flaske med ein trykt etikett frå Digital Etikett. Kven er ansvarleg for PPWR?+

    Flaska er primær-emballasje. Etiketten er komponent. Hovudansvaret for PPWR ligg hjå flaske-produsenten eller deg som brand-eigar — ikkje hjå etikett-leverandøren. Vi leverer komponent-dokumentasjon på etiketten og trykket på den.

    Kva må Digital Etikett ha klart innan 12. august 2026?+

    PFAS-samsvar (Art. 5) for mat-kontakt-emballasje og framstillar-identifikasjon (Art. 15) for artiklar der vi er framstillar. Begge delar er på plass. Andre PPWR-krav (gjenvinnbarheit, PCR, minimering, sorteringsmerker) gjeld reelt frå 2028 og 2030 — sjå tabellen over.

    Kva tyder «designet for resirkulering»?+

    Etter PPWR Art. 6 skal emballasje frå 1. januar 2030 vere designet slik at den kan resirkulerast i etablerte avfallsstraumar. Inntil delegert rettsakt frå Kommisjonen er på plass gjeld det gamle direktivet PPWD og standarden EN 13430:2004. Vi tilbyr mono-PP og mono-PE konstruksjonar som er resirkulerbare i polyolefin-strøm i dag.

    Får eg sorteringsmerker (sortering-piktogram) på emballasjen min?+

    Det harmoniserte EU-merket gjeld emballasje sett på marknaden frå 12. august 2028. Vi legg det inn i prepress når Kommisjonens spesifikasjon er publisert. Inntil då gjeld eventuelle nasjonale merke.

    Kan eg bruke QR-koden dykkar?+

    Ja. Last han ned i seksjonen over og bruk han fritt på materialet ditt. Bruks-instruksjonar finn du same staden.

    Korleis kjem eg i kontakt for andre PPWR-spørsmål?+

    info@digitaletikett.no.

    Kontakt

    info@digitaletikett.no