
Om Digital Etikett – folka og fabrikken bak etikettane
Digital Etikett held til i Gaupne i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Frå fabrikken vår her trykkjer me etiketter, posar og film for matprodusentar, bryggeri, destilleri og merkevarer av alle storleikar.
Me meiner at alle — frå einsleg gründer til stor matvarekjede — fortener tilgang til profesjonell emballasje utan å måtte investere i store opplag.
Kjetil er dagleg leiar og grunnleggjar.
Historia om Digital Etikett
- 2007
Ein fabrikk i ein garasje
Kjetil Hovland selde huset i Oslo, flytta heim til Gaupne, tok opp lån og sette ein stor digitaltrykk-maskin i garasjen. Ideen var enkel: norske matprodusentar fortente etikettar i små opplag , ikkje berre dei store kjedene.
- 2010
Tre garasjar
Maskina gjekk varm. Småprodusentar over heile landet ville ha etikettar frå Gaupne , syltetøykokarar, nøtteblandarar, iskremmakarar. Kjetil fann fleire garasjar.
- 2014
Fabrikk i heiltre
Nytt fabrikklokale stod klart. Inn kom ein gjeng med trykkentusiastar som kunne køyre maskiner, svare på e-post, køyre gaffeltruck , og spele rock på eit formidabelt stereoanlegg.
- 2018
Fabrikk nummer to
Ti år etter starten opna me fabrikk nummer to, rett ved sidan av den første. Helsekost, kjemi og kosmetikk kom til , bransjar som krev presisjon på ingredienslister, allergen og mengd.
- 2023
Posar og fleksibel emballasje
Me kjøpte posemaskin, bestod eksamen i reinsemd og mattryggleik, og byrja trykkje posar. Dyresnacks, kaffi, havrefras , alt rullar ut frå Gaupne.
- I dag
Ein samansveisa gjeng
Ein gjeng som snakkar godt saman, jobbar effektivt og leverer raskt. Frå Litlestøl til Lerum, frå farmor sine tova tøflar til Jotun sin industrilakk.
Tilsette

Kjetil Hovland, Dagleg leiar
Dette er Kjetil. Han har sitt eige kontor.
Tlf: 95 8000 95
kjetil@digitaletikett.no
Oddrun Kristine, Frakt/logistikk
Logistikksjefen vår, som passar på at alle mann leverar!
Tlf: +47 480 31 886
oddrun.kristine@digitaletikett.no
Jan
Ein ekta god etikett far!

Gøran
Dette er Gøran. Han er skikkeleg god til å laga etikettar.

Terje
Terje held til på Jæren, så han er vår mann på Sør-Vestlandet. Når han ikkje driv med etikettar, likar han å spela i band.

Kristian
Ei av dei tinga Kristian er flinkast til, er å produsere det som me på fagspråket kaller etiketter.


Solfrid, Produksjon / stansing
Ho jobbar med produksjon og stansing, og passar på at etikettane får rett form.

Erik
Austlandsalibiet i fabrikken og skikkeleg god til å lage etikettar.

Zane, Produksjon (fleksibel emballasje)
Ho jobbar med produksjon av fleksibel emballasje.

Castro
Vakthavande og møtedeltagar.

Nils, Produksjon / stansing
Han jobbar med produksjon og stansing, og passar på at etikettane får rett form.

Alexander, Fleksibel emballasje og stansing
Han trykkjer fleksibel emballasje og stansar etikettane i rett form.

Jan Henning
Han trykker spesialeffektar som gir produkta dine meir attityd enn ein skinnjakke på ein rockekonsert.

Ingrid
Ho styrar poseproduksjonen som ein dirigent styrer eit orkester, med stø hand og full disiplin!
Tlf: +47 477 76 060
ingrid@digitaletikett.no
Semereberhan
Semereberhan er god til mange ting. Etiketter er ei av dei.

Sofiia, Prepress
Ho gjer filene klare før trykk, så alt sit som det skal.

Reidar
Reidar er ein rev på stansing.

Odd-Bjørn Hjelmeseth, Sal
Ein gong var han den raskaste på ski i verda, no lovar han dei raskaste leveringstidene i etikettverda.
Tlf: +47 414 49 990
obh@digitaletikett.no
Anders Ole
Når noko går gale med maskinene våre, kan me ikkje laga etikettar. Då ropar me på Anders-Ole. Han er skikkeleg god til å fiksa etikettmaskiner.

Geir Ove Høines, Prepress
Dette er Geir Ove. Han er god på data. Det er Geir Ove som jobbar med etikettane før me trykkjer dei.
Tlf: 95 13 41 47
geir.ove@digitaletikett.no
Øyvin Tørvi, Fabrikksjef
Dette er Øyvin. Han har kontroll på det meste som skjer her på fabrikken.
Tlf: 99 26 98 27
oyvin@digitaletikett.no
Benedikthe
Ho her er ei av framtidas stjerner på etiketthimmelen.

Bjørn Andre, Stansing
Han stansar etikettane i rett form, heilt ned på millimeteren.

Jarle
Maskinmagikaren vår! Han har meir kontroll over maskinene enn me har over kaffipausane våre.

Wioletta
Ho pakkar og sender etikettane våre ut i verda.